søndag 25. oktober 2009

Eit artig prøveprosjekt i spinning

Dette er Nico, og han er med på dette spinneprosjektet. Han tilhøyrer rasen Samojed, og er ein type polarhund. Pelsen hans er utruleg tjukk og mjuk, og han er som ein levande kosebamse. Hundehåra kan brukast til å spinna av, og det måtte jo prøvast. Dei skal blandast med 50% ull, så ut ifrå det visste eg at det ville bli litt vanskelegare å spinna.


Her har eg 10 gram saueull til venstre, og 10 gram hundehår til høgre. Først vaska eg håra, og så blanda eg dei med saueull som var vaska. Deretter karda eg dei, og sette meg til å spinna. Eg kjende med ein gong at det ikkje var så lett å spinna som vanleg ull, men med litt trening så håper eg at det går bedre etter kvart. Eg trudde at garnet kom til å bli veldig fluffy på grunn av hundehåra, men så veldig fluffy vart det ikkje. Grunnen til det kan og vera at Nico berre er 4 mnd. enno, og har derfor ikkje fått så lang pels.


Her er resultatet, ei lita hespe på ca. 20 gram. Eg er så heldig at eg skal få spinna av hundehåra som blir børsta av han, så det blir nok fleire små hesper etter kvart. Dei skal eg ta godt vare på, så får vi sjå etter kvart kva som blir laga av det.

søndag 11. oktober 2009

Mitt første ullkardeband

Det er jo bra at det går an å kjøpa ferdigkarda ull. Den er god å spinna av, og ein får kjøpt den i ulike fargar og forskjellege ullsortar. Men det hadde vore kjekt å prøvd seg på å karda sjølv. Så eg kjøpte ein haug med spælsauull som ikkje var karda.


Men for å karda, så må eg og ha ei kardemaskin. Det går jo an med handkarer, men med ei kardemaskin er det litt enklare, og går litt fortare. Dette er ei Louet kardemaskin, same merke som rokken min.


Her held eg på å laga eit ullkardeband. Interessant å sjå korleis ulla vert karda på trommelen.


Og her er det ferdig.


Resultatet vart denne hespa med garn. Utruleg kjekt :)

søndag 13. september 2009

Spinnig med shetlandsull

Likar godt naturfarga ull, så her har eg kjøpt meg shetlandsull til å spinna av. Spinning er nok blitt den nye hobbyen min, og eg kosar meg ved rokken.


Her er litt av den grå ferdigspunne, og eg har hespa den opp på eit hespetre, for å laga ei hespe.



Her er eit anna hespetre, som er montert på rokken.


Her heng dei tre hespene som eg har spunne av shetlandsull, og dei er klare til å bli vaska. Den til høgre er ei blanding av dei to andre.


Her er dei ferdig vaska og tørka. Eg veit nok ikkje kva eg skal bruka dei til enno, men eg ser fram til å strikka noko av dei, for det er heilt spesielt å strikka av sjølvspunne garn.

fredag 28. august 2009

Pulsvarmarar

Ja, det er vel ikkje så lenge før ein treng noko slikt å varma seg på. Her er ei hespe merinoull som eg har strikka dei av. Utruleg kjekt å strikka av sjølvspunne garn :)



Mjuk og god ull som er god å strikka av.


Og sjølvsagt varmar den godt.

søndag 23. august 2009

FN sitt internasjonale år for naturfiber

I år er det FN sitt internasjonale år for naturfiber. Dette synest eg er interssant, og eg har funne litt informasjon om dette på FN sine sider. Det er og ein liten video nederst i innlegget som er svært interresant å sjå.

"Siden 60-tallet har bruken av syntetiske stoffer økt og naturfiber har mistet en stor markedsandel. Hovedmålet med året er å gjøre naturfibre mer synlig på verdensmarkedet og samtidig fremheve dets kvaliteter til forbrukerne, samt bidra til at bøndenes inntekter holder seg stabile.Man vil også fokusere på å bedre effektiviteten og bærekraftigheten i produksjonen av naturfiber. Naturfiber er en stor inntektskilde for bønder rundt om i hele verden og kan spille en viktig rolle i arbeidet med å bedre matsikkerheten og utrydde fattigdom." Les meir om dette her

søndag 16. august 2009

Meir spinning

No har eg spunne ferdig den burgunder fargebunten som eg hadde. Har prøvd meg med ulike fargekombinasjonar, og her er noko av det ferdigtvinna garnet på rokken.



Etter å ha tvinna garnet, må det hespast opp på eit hespetre for å laga ei hespe. Eg har to slag hespetre. Dette som du ser her, og eit som er montert på rokken.


Etter at hespa er ferdig, må garnet vaskast, men det er viktig at det får liggja i ro i vatnet, så ikkje garnet blir tova.


Etter at garnet er vaska, legg eg det inni eit handkle, og trykkjer forsiktig ut det meste av vatnet. Så hengjer eg hespene til tørk.


Her er dei ferdig tørka, og her ser de at eg har prøvd meg på ulike fargekombinasjonar.


Så var eg så heldig at eg fekk meg noko alpakkatops. Tusen takk for det. Utruleg mjukt og godt å spinna av, og resultatet er og eit mjukt og godt garn.

lørdag 1. august 2009

Feriespinning

Eg hadde tilgang på ein gamal rokk medan eg var på ferie, og den var jo fristande å prøva. Ullkardebånd hadde eg i kofferten, så etter litt smurning og nytt tau så var det berre å setja i gong.



Eg var spent på om eg i det heile tatt fekk den til å fungera. Det gjekk bra, men den var ikkje så enkel å spinna på. Derfor vart det ikkje så mykje feriespinning som eg hadde tenkt, men det var likevel kjekt å få prøva å spinna på ein slik gamal rokk. Den er 92 år, og har vore mykje brukt, så den har vel tent si plikt.



Her er garnet som eg spann på rokken.



Når eg kom heim, spann eg resten av ullkardebåndet som eg hadde med meg.



Her er resultatet av det.