Det er blitt litt småstrikk igjen. Denne gongen så smått at eg kallar dei for handleddpuls. Dei er berre 9 cm lange, og veg 9 gram. Dei kan brukast både til pynt og til nytte.
Dei er strikka av merinoull.
Så har eg spunne merinoull i ein nydeleg grønfarge. Det er 41 gram, og ca. 249,20 meter. Både den og handleddpulsa blir lagt ut på Epla.
Har strikka eit par pulsvantar til i blå Merinoull som eg har spunne.
Dei har allerede fått seg ny eigar.
Så er det blitt to nye hesper i forskjellege fargar. Den til venstre er ca. 228,2 meter, og veg 43 gram. Den til høgre er ca. 224 meter, og veg 40 gram.
Hespa til venstre er tvinna saman av desse to spolane i ulik farge.