torsdag 26. november 2009

Det vart eit Ishbel sjal

Etter noko leiting etter mønster, fall valet på Ishbel sjalet. Var litt skeptisk til det med det same, for eg har ikkje strikka engelske mønster før. Eg fekk god hjelp til oversetjing av diverse forkortingar, så då var det berre å setja i gong. Syntest garnet eg hadde spunne passa godt til eit sjal, men eg var ikkje sikker på om eg fekk nok. Eg hadde berre 97 gram, og håpte at eg skulle få nok til det minste sjalet. (I forrige innlegg kan de sjå garnet som eg strikka det av.)


Eg strikka på pinne nr. 4, sjølv om garnet var ganske tynt. Det gjorde eg fordi eg ville ha eit luftig og lett sjal.


Det var nok ikkje så vanskeleg som eg hadde trudd å strikka engelsk mønster, så det gjekk fint. Og eg fekk nok garn. Som de ser så brukte eg 84 gram, og sjalet vart ganske lett og luftig.

søndag 8. november 2009

Litt av kvart

Det blir alltid litt restar av det ein spinne. Dei tek eg vare på, men fordi eg ikkje hadde så mykje, så blanda eg det med meir kvit ull enn det de ser på bilete. Det karda eg på kardemaskina, så alt vart blanda.


Her har eg spunne to spolar som skal tvinnast. Sidan eg brukte mest kvit, så vart ikkje fargane så markerte.


Her er resultatet. Garnet vart ganske mjukt, fordi ein del av restane var merinoull.


Så har eg kjøpt noko som heiter Massam tops hos Spinnvilt. Det er ei fin kvit engelsk ull med silkeaktig glans.


Her er to spolar som skal tvinnast.


Og her er det ferdige resultatet. Kunne tenkt meg å strikka eit luftig skjerf av det, men eg har ikkje meir enn 100 gram, så eg må finna eit mønster der eg har nok med det. Er det nokon som har eit forslag, tek eg imot med takk.