søndag 27. juni 2010

Fargerikt garn


Eg har diverse fiberrestar som eg vil få brukt opp, så eg plukka ut ulike fargar som eg håpa ville passa saman. Resultatet vart denne hespa med fargerikt garn.


Veit enno ikkje kva eg skal bruka det til, så den får liggja å modnast så lenge :)

Eg har enno fleire restar igjen, så kaskje det blir fleire hesper etter kvart.

søndag 13. juni 2010

Frå fiber til sjal


Det er ein lang veg, og mange prosessar ein skal gjennom frå fiber til ferdig produkt. Denne gongen blanda eg to ulike fiber. Den grøne er merinoull, og den kvite er 50% ull, og 50% soyasilke.


Her set eg ved rokken og har akkurat starta med å spinna spolen med merinoull. Dette tek tid , men er utruleg kjekt.


Her er begge spolane ferdige. Desse tvinnar eg så saman for å få det garnet som eg vil ha.


Her er garnet ferdig tvinna og hespa, og no må det vaskast før eg kan strikka av det.


No er det ferdig vaska og tørka, og eg har nøsta det opp. Endeleg kan eg strikka av det. Og å strikka av sjølvspunne garn må berre opplevast :) Det er heilt spesielt.


Når sjalet er ferdigstrikka, så må det vaskast og blokkast før det er eit ferdig produkt.


Her er det ferdig vaska og blokka, og er klart til bruk.


Og her er eit par pyntepuls i likt mønster.


Ha ein fin søndag :)