mandag 30. januar 2012

Eit nytt år med spinning

Så godt å vera i gong med spinning igjen. Det er fin meditasjon og avslapning.

Denne gongen har eg spunne Bluefaced leicester med silke. Veldig godt å spinna, og eg ser fram til å strikka av det. 

På grunn av dårlege bilder, kjem ikkje garnet til sin rett.

Det vart 95 gram. Mjukt og godt, og med passeleg innslag av silke som gjer ein fin glans.

lørdag 17. desember 2011

God jul

Det blir nok ikkje noko meir aktivitet her på spinnebloggen før jul.

Tusen takk til alle dykk som har vore  innom her, og  følgt med på spinninga mi :)  Håper de har funne litt inspirasjon.

Litt julestemning må vi ha, så eg  avsluttar spinninga i år med ei hespe i julefargar :)

GOD JUL :)

søndag 20. november 2011

Spinning og hekling

Eg kjem alltid tilbake til kor kjekt det er å laga/hekla/strikka noko av garnet som eg har spunne.

Denne gongen vart det to par pyntepuls i litt ulikt mønster.


Garnet er spunne av svart merinoull, som er ei god og mjuk ull som ikkje klør.

Så har eg spunne tre hesper i merinoull, der eg har blanda  ulike fargar.

Det er spennande å setja saman fargar som ein kanskje i utgangspunktet trur ikkje vil passa så godt saman. I hespa i mitten spann eg saman militærgrøn, sjokkrosa og kvit. Eg var spent på resultatet, men eg synest det vart ganske stilig!

Pyntepulsa er allerde lagt ut på Epla.

Ha ein flott dag, og takk for at du tittar innom bloggen min :)

torsdag 13. oktober 2011

Tunika av sjølvspunne garn

Eg har lenge hatt i tankane å strikka denne kjolen/tunikaen utan at det er blitt noko av.

Eg likar godt det enkle men tradisjonelle mønsteret. Så kom eg på at eg hadde spunne noko garn som kanskje kunne eigna seg til prosjektet. Trudde ikkje at eg hadde nok, men tenkte at eg fann vel noko som eg kunne spe på med. Oppskrifta finn du i boka Strikk i ein fei, og den inneheld mange flotte og enkle oppskrifter. Redaktør er Karen Marie Vinje. I boka er det brukt pinne nr 6, men  eg har strikka den på pinne nr 5 i str small, og den passa akkurat. Eg strikka den 3 cm kortare enn oppskrifta, fordi eg ville ha den som tunika, og eg hekla ein anna kant rundt. Fann forresten ikkje noko i oppskrifta kor mange masker ein skulle ta opp rundt halsen.



Det grå er naturfarga shetlandsull, og det kvite er merinoull.

I oppskrifta står det at det går med 300 gram til str small.


Eg brukte berre 148 gram, og brukte ikkje opp alt eg hadde eingong. Den er utruleg lett og behageleg å ha på seg, og som eg har sagt før, så er det ei fryd å strikka av sjølvspunne garn. Berre prøv :)

søndag 18. september 2011

Hespe i grønfargar

Denne gongen har eg valt å spinna med ulike grønfargar, pluss litt svart innimellom.

All ulla er Merinoull, og det er litt lange fargeskift.

Her er dei ulike fargane på spolane.

Hespa er 44 gram, og det er ca. 245 meter. Den blir etterkvart lagt ut på Epla.

fredag 9. september 2011

Superfin Merinoull

Dette er nydeleg naturfarga superfin Merinoull kjøpt hos Spinnvilt. Det er spennande ull med fleire fargar.

Her har eg karda litt som eg skal spinna.

Eg har spunne den litt tjukt og litt tynt om kvarandre, og det blir ein flott struktur i garnet.

Og her er det ferdige resultatet. Ei supermjuk hespe med merinoull.

God helg :)

lørdag 3. september 2011

Litt strikking og hekling

Pulsvantar har vi vel allerede bruk for mange plassar i landet, og her har eg strikka to par av garn som eg har spunne.  Oppskriftene er mine eigne.

Det er alltid like kjekt å strikka av sjølvspunne garn.

Desse lyseblå har de nok sett før. Dei er no selt, og eg hadde akkurat nok garn til eit par til. 

Begge para blir lagt ut på Epla i løpet av dagen.

Ynskjer alle ei kreativ og flott helg :)