søndag 18. september 2011

Hespe i grønfargar

Denne gongen har eg valt å spinna med ulike grønfargar, pluss litt svart innimellom.

All ulla er Merinoull, og det er litt lange fargeskift.

Her er dei ulike fargane på spolane.

Hespa er 44 gram, og det er ca. 245 meter. Den blir etterkvart lagt ut på Epla.

fredag 9. september 2011

Superfin Merinoull

Dette er nydeleg naturfarga superfin Merinoull kjøpt hos Spinnvilt. Det er spennande ull med fleire fargar.

Her har eg karda litt som eg skal spinna.

Eg har spunne den litt tjukt og litt tynt om kvarandre, og det blir ein flott struktur i garnet.

Og her er det ferdige resultatet. Ei supermjuk hespe med merinoull.

God helg :)

lørdag 3. september 2011

Litt strikking og hekling

Pulsvantar har vi vel allerede bruk for mange plassar i landet, og her har eg strikka to par av garn som eg har spunne.  Oppskriftene er mine eigne.

Det er alltid like kjekt å strikka av sjølvspunne garn.

Desse lyseblå har de nok sett før. Dei er no selt, og eg hadde akkurat nok garn til eit par til. 

Begge para blir lagt ut på Epla i løpet av dagen.

Ynskjer alle ei kreativ og flott helg :)

onsdag 24. august 2011

Spinning og karding

Det er kjekt og spennande å blanda fiber sjølv på kardemaskina.

Og det er gøy å spinna av slik fiber, og sjå kor fargane blandar seg med kvarandre når ein spinn.

Men det er vanskeleg å ta ta eit godt bilete av den ferdige hespa. Men det er nok ikkje kamera sin feil, men heller fotografen :)

Ha ei flott veke :)


fredag 19. august 2011

Renate Hiller

Denne videosnutten fann eg på Ullfori sin blogg. Det som først imponerte meg var steinspindelen som ho spinne på. Høyr og dei kloke orda hennar om kor viktig det er med handarbeid i den moderne verda.

Ha ei fin handarbeidshelg :)

søndag 31. juli 2011

Sommarspinning

Det er blitt littegrann sommarspinning.

Her har eg først karda ulike fargar med fiber på kardemaskina. Det er spennande å blanda fargar og sjå korleis resultatet blir. Eg er spent på om eg er fornøgd med fargeskifta når eg strikkar av det.


Så har eg spunne to hesper med melert garn, og ei hespe med grått garn. Veit ikkje kva det skal brukast til enno, men det vil tida vise.

mandag 16. mai 2011

Handleddpuls og meir garn

Det er blitt litt småstrikk igjen. Denne gongen så smått at eg kallar dei for handleddpuls. Dei er berre 9 cm lange, og veg  9 gram. Dei kan brukast både til pynt og til nytte.

Dei er strikka av merinoull.

Så har eg spunne merinoull i ein nydeleg grønfarge. Det er 41 gram, og ca. 249,20 meter. Både den og handleddpulsa blir lagt ut på Epla.