lørdag 16. april 2011

Pulsvantar igjen

Eg har nok litt dilla på å strikka pulsvantar for tida. 

Det er koseleg småstrikk, og det går lite garn med til eit par. Desse veg berre 19 gram, og er strikka i  mjuk og god Merinoull.

Og når eg har spunne garnet sjølv, er det ekstra kjekt å setja seg ned og strikka av det. På grunn av at fargeskifta ikkje er like lange, så blir det ikkje like mange omgongar av dei ulike fargane når eg strikkar av det heller. Men det er noko av sjarmen med å strikka med slikt garn. 

Ei riktig god påske til alle som er innom :)

lørdag 9. april 2011

Pulsvantar igjen


Har strikka eit par pulsvantar til av garn som eg har spunne. 

Denne gongen kombinerte eg perlestrikk og flette.
Garnet eg har spunne, er mjuk og kløfri Merinoull, og fargen er djupare raud enn det som viser. Str. er S/M, og dei blir lagt ut på Epla.

onsdag 30. mars 2011

Litt spinning igjen

No har eg kost meg med litt spinning igjen, og det er verkeleg godt å setja seg ned med rokken. Ser det er mange som spinn som seier det same, og eg er heilt enig i at spinning er  meditasjon :) Det kan  anbefalast :)

Først vart det ei hespe der eg har blanda tre ulike fargar. Det er forholdsvis lange fargeskift, der fargane går over i kvarandre, og skiftar mellom einsfarga og melerte parti. Friske fargar som  det skal bli spennande å bruka. Den er 49 gram, og ca. 243,60 meter.

Så har eg spunne ei hespe med med ein nydeleg mørk lilla farge. Den er 48 gram, og ca. 250,60 meter. Den er lagt ut på Epla.

fredag 18. mars 2011

Pulsvantar til våren

Har strikka eit par pulsvantar til med sjølvspunne garn. Fine å bruka no når det vårast .

Det er mi eiga oppskrift, både desse og dei i innlegget under. Som de ser, er dei for store til meg, for dei er vel i ca. str. M / L. Dei blir lagt ut på Epla.

God helg til alle som er innom bloggen min :)

søndag 13. mars 2011

Pyntepuls

Har hekla eit par pyntepuls av den blå fiberen som eg har spunne. Det vil sei, eg strikka eit brot først, og så hekla eg vidare ut frå det. 

Det er 100 % merinoull, ei mjuk, god og kløfri ull.

Dei blir lagt ut på Epla i løpet av kvelden.

onsdag 2. mars 2011

Fiber

Eg er så heldig at eg har fått masse fiber til bursdagen min.

Store buntar med herlege fargar.

Det skal bli ei fryd å setja seg ned med rokken og spinna av alt dette  :)



All fiberen  er Merinoull, ei mjuk og kløfri ull, som er veldig god å spinna av, og som gjer mjuke og behagelege plagg. Alt er kjøpt hos Spinnvilt, der eg var på spinnekurs.

Som de ser, så har eg allerede prøvd meg litt. Eg hadde kvit merinoull frå før, så den svarte hespa er tvinna saman av ein spole svart, og ein spole med vekselsvis svart og kvit. Dermed blir det svarte og melerte striper når ein strikkar av det. Her er det 47 gram, og ca. 218.4 meter.
Grønfargen syns eg var så fin, så eg spann ei hespe med berre grøn. Den vart 48 gram, og ca. 245 meter.

lørdag 5. februar 2011

Vest / jakke utan armar


No har eg brukt opp endå fleire spinnerestar. Det er nok ikkje alt som er så fint spunne, men det fungerte godt å strikka av  likevel.

Det er ein enkel modell som er strikka nedifrå og  opp, og oppskrifta vart til ettter kvart som eg strikka. 

Som de ser så valde eg å starta med vrangbord til halsen litt langt nede, samtidig som eg fortsette på raglanfellinga. Det gav ein hals som la seg fint.

 Det er i grunnen kjekt å strikka med restar, for ein veit ikkje korleis det endelege resultatet vert før ein er ferdig. Den er i alle fall varm og god, og allerede i bruk.

Ynskjer alle ei flott helg :)