Dette er det tredje sjalet eg viser her på spinnebloggen. Dei to andre er Multnomahsjalet, og Ishbelsjalet. Denne gongen vart det i ulike blåfargar, og det er strikka av 100% merinoull. Mjuk og god. Brukte pinne nr. 4 denne gongen og.

Det var eit enkelt mønster å strikka, så det blir sikkert fleire sjal i dette mønsteret.

Som de ser så spann eg ein spole med ein farge, og den andre spolen med fleire fargar. Så tvinna eg dei saman, så når ein strikka av det , så blir det striper i dei ulike fargane. Eg var veldig usikker på om det ville passa i eit slikt sjal, og eg visste heller ikkje kor breide stripene kom til å bli. Men eg synest det er kjekt å prøva seg fram og sjå kva mulegheter ein har. Eg var svært spent på resultatet, men eg vart gledeleg overraska og ganske fornøgd.

Som de ser var det ikkje mykje garn som gjekk med til sjalet.