torsdag 13. oktober 2011

Tunika av sjølvspunne garn

Eg har lenge hatt i tankane å strikka denne kjolen/tunikaen utan at det er blitt noko av.

Eg likar godt det enkle men tradisjonelle mønsteret. Så kom eg på at eg hadde spunne noko garn som kanskje kunne eigna seg til prosjektet. Trudde ikkje at eg hadde nok, men tenkte at eg fann vel noko som eg kunne spe på med. Oppskrifta finn du i boka Strikk i ein fei, og den inneheld mange flotte og enkle oppskrifter. Redaktør er Karen Marie Vinje. I boka er det brukt pinne nr 6, men  eg har strikka den på pinne nr 5 i str small, og den passa akkurat. Eg strikka den 3 cm kortare enn oppskrifta, fordi eg ville ha den som tunika, og eg hekla ein anna kant rundt. Fann forresten ikkje noko i oppskrifta kor mange masker ein skulle ta opp rundt halsen.



Det grå er naturfarga shetlandsull, og det kvite er merinoull.

I oppskrifta står det at det går med 300 gram til str small.


Eg brukte berre 148 gram, og brukte ikkje opp alt eg hadde eingong. Den er utruleg lett og behageleg å ha på seg, og som eg har sagt før, så er det ei fryd å strikka av sjølvspunne garn. Berre prøv :)

søndag 18. september 2011

Hespe i grønfargar

Denne gongen har eg valt å spinna med ulike grønfargar, pluss litt svart innimellom.

All ulla er Merinoull, og det er litt lange fargeskift.

Her er dei ulike fargane på spolane.

Hespa er 44 gram, og det er ca. 245 meter. Den blir etterkvart lagt ut på Epla.

fredag 9. september 2011

Superfin Merinoull

Dette er nydeleg naturfarga superfin Merinoull kjøpt hos Spinnvilt. Det er spennande ull med fleire fargar.

Her har eg karda litt som eg skal spinna.

Eg har spunne den litt tjukt og litt tynt om kvarandre, og det blir ein flott struktur i garnet.

Og her er det ferdige resultatet. Ei supermjuk hespe med merinoull.

God helg :)

lørdag 3. september 2011

Litt strikking og hekling

Pulsvantar har vi vel allerede bruk for mange plassar i landet, og her har eg strikka to par av garn som eg har spunne.  Oppskriftene er mine eigne.

Det er alltid like kjekt å strikka av sjølvspunne garn.

Desse lyseblå har de nok sett før. Dei er no selt, og eg hadde akkurat nok garn til eit par til. 

Begge para blir lagt ut på Epla i løpet av dagen.

Ynskjer alle ei kreativ og flott helg :)

onsdag 24. august 2011

Spinning og karding

Det er kjekt og spennande å blanda fiber sjølv på kardemaskina.

Og det er gøy å spinna av slik fiber, og sjå kor fargane blandar seg med kvarandre når ein spinn.

Men det er vanskeleg å ta ta eit godt bilete av den ferdige hespa. Men det er nok ikkje kamera sin feil, men heller fotografen :)

Ha ei flott veke :)


fredag 19. august 2011

Renate Hiller

Denne videosnutten fann eg på Ullfori sin blogg. Det som først imponerte meg var steinspindelen som ho spinne på. Høyr og dei kloke orda hennar om kor viktig det er med handarbeid i den moderne verda.

Ha ei fin handarbeidshelg :)

søndag 31. juli 2011

Sommarspinning

Det er blitt littegrann sommarspinning.

Her har eg først karda ulike fargar med fiber på kardemaskina. Det er spennande å blanda fargar og sjå korleis resultatet blir. Eg er spent på om eg er fornøgd med fargeskifta når eg strikkar av det.


Så har eg spunne to hesper med melert garn, og ei hespe med grått garn. Veit ikkje kva det skal brukast til enno, men det vil tida vise.