onsdag 24. august 2011

Spinning og karding

Det er kjekt og spennande å blanda fiber sjølv på kardemaskina.

Og det er gøy å spinna av slik fiber, og sjå kor fargane blandar seg med kvarandre når ein spinn.

Men det er vanskeleg å ta ta eit godt bilete av den ferdige hespa. Men det er nok ikkje kamera sin feil, men heller fotografen :)

Ha ei flott veke :)


fredag 19. august 2011

Renate Hiller

Denne videosnutten fann eg på Ullfori sin blogg. Det som først imponerte meg var steinspindelen som ho spinne på. Høyr og dei kloke orda hennar om kor viktig det er med handarbeid i den moderne verda.

Ha ei fin handarbeidshelg :)

søndag 31. juli 2011

Sommarspinning

Det er blitt littegrann sommarspinning.

Her har eg først karda ulike fargar med fiber på kardemaskina. Det er spennande å blanda fargar og sjå korleis resultatet blir. Eg er spent på om eg er fornøgd med fargeskifta når eg strikkar av det.


Så har eg spunne to hesper med melert garn, og ei hespe med grått garn. Veit ikkje kva det skal brukast til enno, men det vil tida vise.

mandag 16. mai 2011

Handleddpuls og meir garn

Det er blitt litt småstrikk igjen. Denne gongen så smått at eg kallar dei for handleddpuls. Dei er berre 9 cm lange, og veg  9 gram. Dei kan brukast både til pynt og til nytte.

Dei er strikka av merinoull.

Så har eg spunne merinoull i ein nydeleg grønfarge. Det er 41 gram, og ca. 249,20 meter. Både den og handleddpulsa blir lagt ut på Epla.

søndag 1. mai 2011

Litt meir spinning og strikking

Har strikka eit par pulsvantar til i blå Merinoull som eg har spunne. 

Dei har allerede fått seg  ny eigar.

Så er det blitt to nye hesper i forskjellege fargar. Den til venstre er ca. 228,2 meter, og veg 43 gram. Den til høgre er ca. 224 meter, og veg 40 gram.

Hespa til venstre er tvinna saman av desse to spolane i ulik farge.

lørdag 16. april 2011

Pulsvantar igjen

Eg har nok litt dilla på å strikka pulsvantar for tida. 

Det er koseleg småstrikk, og det går lite garn med til eit par. Desse veg berre 19 gram, og er strikka i  mjuk og god Merinoull.

Og når eg har spunne garnet sjølv, er det ekstra kjekt å setja seg ned og strikka av det. På grunn av at fargeskifta ikkje er like lange, så blir det ikkje like mange omgongar av dei ulike fargane når eg strikkar av det heller. Men det er noko av sjarmen med å strikka med slikt garn. 

Ei riktig god påske til alle som er innom :)

lørdag 9. april 2011

Pulsvantar igjen


Har strikka eit par pulsvantar til av garn som eg har spunne. 

Denne gongen kombinerte eg perlestrikk og flette.
Garnet eg har spunne, er mjuk og kløfri Merinoull, og fargen er djupare raud enn det som viser. Str. er S/M, og dei blir lagt ut på Epla.