onsdag 2. mars 2011

Fiber

Eg er så heldig at eg har fått masse fiber til bursdagen min.

Store buntar med herlege fargar.

Det skal bli ei fryd å setja seg ned med rokken og spinna av alt dette  :)



All fiberen  er Merinoull, ei mjuk og kløfri ull, som er veldig god å spinna av, og som gjer mjuke og behagelege plagg. Alt er kjøpt hos Spinnvilt, der eg var på spinnekurs.

Som de ser, så har eg allerede prøvd meg litt. Eg hadde kvit merinoull frå før, så den svarte hespa er tvinna saman av ein spole svart, og ein spole med vekselsvis svart og kvit. Dermed blir det svarte og melerte striper når ein strikkar av det. Her er det 47 gram, og ca. 218.4 meter.
Grønfargen syns eg var så fin, så eg spann ei hespe med berre grøn. Den vart 48 gram, og ca. 245 meter.

lørdag 5. februar 2011

Vest / jakke utan armar


No har eg brukt opp endå fleire spinnerestar. Det er nok ikkje alt som er så fint spunne, men det fungerte godt å strikka av  likevel.

Det er ein enkel modell som er strikka nedifrå og  opp, og oppskrifta vart til ettter kvart som eg strikka. 

Som de ser så valde eg å starta med vrangbord til halsen litt langt nede, samtidig som eg fortsette på raglanfellinga. Det gav ein hals som la seg fint.

 Det er i grunnen kjekt å strikka med restar, for ein veit ikkje korleis det endelege resultatet vert før ein er ferdig. Den er i alle fall varm og god, og allerede i bruk.

Ynskjer alle ei flott helg :)

onsdag 5. januar 2011

Restecardigan

 Har lenge hatt lyst til å strikka meg ein cardigan frå halsen og ned, og med diverse spinnerestar sette eg  i gong. Oppskrifta fann eg via Hobbyvenn sin blogg, og ho hadde funne den på bloggen Slagt en hellig ko.


Oppskrifta heiter  Cirkacardigan. Det er ein smart måte å strikka på, og ein kan lettare prøva den underveis. 


Eg laga min eigen versjon av den, og hekla ei rad med fm, og ei rad med krepsemasker rundt til slutt.

Fann ut at eg ville prøva med skjult knapping, og sydde i trykknappar.

Her er eine hespa som eg brukte, og som er spunne av mange ulike fiberrestar. I tillegg hadde eg mange små nøster som eg fekk brukt opp. Det meste av garnet eg har brukt er merinoull, så den er mjuk og god, og er allerede blitt ein innefavoritt.

tirsdag 2. november 2010

Meir merinoull


Har spunne litt meir garn som eg har lagt ut på Epla. Dette og er 100% merinoull, ei mjuk og kløfri ull.


Den første hespa på bilete er 41 gram, og ca. 161 meter. Den andre er 53 gram, og ca. 191 80 meter.


Den første her er 47 gram, og ca. 172,20 meter. Den andre er 52 gram, og ca.180,60 meter.


På dei blå hespene har eg tvunne saman to ulike fargar, som gjer ein fin melert effekt.

mandag 25. oktober 2010

Merinoull


No har eg spunne litt merinoull som eg har lagt ut på Epla. Det er ei nydeleg mjuk og kløfri ull.


Her er to hesper med kvit. Den eine er 53 gram og ca. 238 meter. Den andre er 53 gram og ca. 253, 40 meter.


Her har eg tvunne to spolar med ulik farge. Det gjer ein fin melert effekt. Den eine hespa er 46 gram og ca. 187, 60 meter. Den andre er 53 gram og ca. 208,60 meter.


Så ei hespe med mørk lilla som er 49 gram og ca. 177,80 meter.

søndag 19. september 2010

Pulsvantar av shetlandsull.


Denne gongen vart det pulsvantar i shetlandsull. Kjekt å prøva med ulike ullsortar.


Mønsteret vart til underveis, og garnet er mjukt og fint. Brukte pinnar nr. 3,5.


Hadde ein rest med grå shetlandsull som eg brukte på det eine paret.


Det gjekk med berre 17 gram garn i kvart par.


På undersida fortsette eg med vrangbordstrikk som på brotet. Det gav ei god passform.


Har enno litt igjen av hespa, så det blir kanskje eit par til. Desse og blir etter kvart lagt ut på Epla.

mandag 6. september 2010

Alpakkapuls


Her har eg strikka pulsvantar i alpakkagarn.


Har pynta dei med ein hekla blomst, og har hekla ein enkel kant nederst.


For å få litt meir liv i garnet, så tvinna eg det med fleirfarga bomullsgarn, i same fargeskala som tråden. Det gav ein spennande melert effekt.


Alpakkafiber var nok ikkje så lett å spinna som ullfiber, men ikkje verre enn at eg prøver det nok igjen.


Eg har strikka to par, og dei blir vel lagt ut på Epla etter kvart.