torsdag 5. august 2010

Kunstprosjekt


Har strikka nokre småting som skal vera med i eit kunstprosjekt som Edel Marie med den koselege bloggen ems skal ha. Ho held på med eit spinneprosjekt der ho skal spinna inn miniplagg som skal symbolisera samarbeid og dugnadsånd, kobla opp til våre lange strikketradisjonar. Og då spesielt kvinnene sin ulønna arbeidsinnsats gjennom mange generasjonar. I den forbindelse inviterer ho alle som vil til å vera med og strikka slike småplagg. Gå gjerne inn på bloggen hennar og les meir om prosjektet.




Eg valde å bruka restar av garn som eg har spunne, men du kan og bruka vanleg restegarn. Det skulle ikkje så mykje til før det vart eit plagg. Det vart nokre enkle ting frå meg. Kanskje ikkje så lett å sjå kva det er, men det du ser er eit teppe, ein vest, eit sjal, eit skjerf og ei hue. Det vart sendt i posten i dag, og eg håper dei kan brukast. Kjekt å få vera med på, og det blir spennande å sjå resultatet :)

fredag 2. juli 2010

Hespe i gla'fargar


Ja, det vart enda ei fargerik hespe av fiberrestar. Koseleg å spinna av slike gla'fargar, og spennande å sjå kva resultatet blir.


Har ikkje hatt noko system i korleis eg har blanda fargane, så eg er jo spent på korleis resultatet blir når eg strikkar av det.


Ynskjer ein fin sommar til alle som er innom bloggen min :)

søndag 27. juni 2010

Fargerikt garn


Eg har diverse fiberrestar som eg vil få brukt opp, så eg plukka ut ulike fargar som eg håpa ville passa saman. Resultatet vart denne hespa med fargerikt garn.


Veit enno ikkje kva eg skal bruka det til, så den får liggja å modnast så lenge :)

Eg har enno fleire restar igjen, så kaskje det blir fleire hesper etter kvart.

søndag 13. juni 2010

Frå fiber til sjal


Det er ein lang veg, og mange prosessar ein skal gjennom frå fiber til ferdig produkt. Denne gongen blanda eg to ulike fiber. Den grøne er merinoull, og den kvite er 50% ull, og 50% soyasilke.


Her set eg ved rokken og har akkurat starta med å spinna spolen med merinoull. Dette tek tid , men er utruleg kjekt.


Her er begge spolane ferdige. Desse tvinnar eg så saman for å få det garnet som eg vil ha.


Her er garnet ferdig tvinna og hespa, og no må det vaskast før eg kan strikka av det.


No er det ferdig vaska og tørka, og eg har nøsta det opp. Endeleg kan eg strikka av det. Og å strikka av sjølvspunne garn må berre opplevast :) Det er heilt spesielt.


Når sjalet er ferdigstrikka, så må det vaskast og blokkast før det er eit ferdig produkt.


Her er det ferdig vaska og blokka, og er klart til bruk.


Og her er eit par pyntepuls i likt mønster.


Ha ein fin søndag :)

fredag 7. mai 2010

Pyntepuls og sjal.

Eg føler nok at eg gjentek meg sjølv for tida, for her er enda eit sjal i same oppskrift som dei to forrige. Dette er spunne av 50% ull, og 50% soyasilke, så det har ein fin glans. Det er litt større enn det lilla i forrige innlegg. Det er enkelt å forlenga mønsteret dersom eg vil ha eit større sjal.






Så har eg strikka pyntepuls i likt mønster som sjala. Fint å bruka som eit sett. Dette og er lagt ut på Epla.



mandag 26. april 2010

Enda eit sjal.

Dette sjalet er og strikka i 100% merinoull. Eg har spunne ein spole med lilla, og ein med grå, som gjer ein fin melert effekt. Det er litt større enn det første som eg strikka. Dette har eg tenkt å selja på Epla.



Det er lett og mjukt å ha på, og er strikka på pinne nr. 4.

tirsdag 6. april 2010

Enda eit sjal

Det var kjekt å prøva å strikka sjal med si eiga oppskrift, så eg har strikka eit til.


Sjalet er mjukt og lett, og veldig behageleg å ha på.



Det passa godt som trekantsjal i halsen, men det var litt lite til å ha rundt skuldrane. Derfor vil eg strikka eit til som er litt større.


Eg har spunne det av merinoull, og tvinna saman to spolar i ulik raudfarge.

Vekta denne gongen vart 51 gram.