mandag 26. april 2010

Enda eit sjal.

Dette sjalet er og strikka i 100% merinoull. Eg har spunne ein spole med lilla, og ein med grå, som gjer ein fin melert effekt. Det er litt større enn det første som eg strikka. Dette har eg tenkt å selja på Epla.



Det er lett og mjukt å ha på, og er strikka på pinne nr. 4.

tirsdag 6. april 2010

Enda eit sjal

Det var kjekt å prøva å strikka sjal med si eiga oppskrift, så eg har strikka eit til.


Sjalet er mjukt og lett, og veldig behageleg å ha på.



Det passa godt som trekantsjal i halsen, men det var litt lite til å ha rundt skuldrane. Derfor vil eg strikka eit til som er litt større.


Eg har spunne det av merinoull, og tvinna saman to spolar i ulik raudfarge.

Vekta denne gongen vart 51 gram.

lørdag 27. mars 2010

Sjal igjen.


Fekk lyst til å prøva å strikka eit sjal utan å bruka andre si oppskrift. Ville ha det luftig og lett.


Det vart eit enkelt mønster.


Merinoulla er utruleg mjuk og god å bruka til sjal, og denne gongen vart det ein farge som heiter isblå.

Som dei andre sjala, er dette og strikka på pinne nr. 4, og som de ser, brukte eg berre 50 gram.


lørdag 13. mars 2010

Shetland triangle shawl


Dette er det andre Shetland triangle sjalet eg strikkar. Det første finn du i eit innlegg lenger nede i bloggen. Kjekt å variera med forskjellege fargar, og sjå kor ulike sjala blir.





Dette garnet er spunne av 50% ull, og 50% soyasilke, som gjer ein fin glans.


Her ser du kor mykje garn eg brukte på sjalet.

torsdag 25. februar 2010

Endå eit Ishbel sjal.


Synest Ishbelsjalet er så fint, at då eg hadde spunne garn til eit sjal til, så fall valet på det enda ein gong. Denne gongen i ein anna farge. Det første eg strikka , er i eit innlegg lenger nede i bloggen.





Her spann eg først ein spole med merinoull. Den tvinna eg saman med ein spole bomullstråd, som kan brukast til tvinning og effektar. Dette strikka eg sjalet av.


Artig å sjå kvar gong kor mykje garn eg brukar på dei ulike sjala.

søndag 14. februar 2010

Ulmussjal

Så var det Ulmussjalet sin tur til å bli strikka. Her spann eg pelsull som det blir ein fin melert effekt av. Det kvite er ein rest shetlandsull som eg hadde igjen av Multnomahsjalet, som er i eit innlegg lenger nede i bloggen.



Det er så kjekt å prøva seg fram med ulike ullsortar, og sjå korleis resultatet blir. Dette og er strikka på pinne nr. 4.



I dette sjalet har det gått med mest garn av dei som eg har strikka, men så lenge ein brukar under 100 gram, så synest eg det er lite som går med til å strikka eit sjal.

mandag 1. februar 2010

Shetland triangle shawl


Dette er det tredje sjalet eg viser her på spinnebloggen. Dei to andre er Multnomahsjalet, og Ishbelsjalet. Denne gongen vart det i ulike blåfargar, og det er strikka av 100% merinoull. Mjuk og god. Brukte pinne nr. 4 denne gongen og.


Det var eit enkelt mønster å strikka, så det blir sikkert fleire sjal i dette mønsteret.


Som de ser så spann eg ein spole med ein farge, og den andre spolen med fleire fargar. Så tvinna eg dei saman, så når ein strikka av det , så blir det striper i dei ulike fargane. Eg var veldig usikker på om det ville passa i eit slikt sjal, og eg visste heller ikkje kor breide stripene kom til å bli. Men eg synest det er kjekt å prøva seg fram og sjå kva mulegheter ein har. Eg var svært spent på resultatet, men eg vart gledeleg overraska og ganske fornøgd.


Som de ser var det ikkje mykje garn som gjekk med til sjalet.