Eg har lenge hatt i tankane å strikka denne kjolen/tunikaen utan at det er blitt noko av.
Eg likar godt det enkle men tradisjonelle mønsteret. Så kom eg på at eg hadde spunne noko garn som kanskje kunne eigna seg til prosjektet. Trudde ikkje at eg hadde nok, men tenkte at eg fann vel noko som eg kunne spe på med. Oppskrifta finn du i boka Strikk i ein fei, og den inneheld mange flotte og enkle oppskrifter. Redaktør er Karen Marie Vinje. I boka er det brukt pinne nr 6, men eg har strikka den på pinne nr 5 i str small, og den passa akkurat. Eg strikka den 3 cm kortare enn oppskrifta, fordi eg ville ha den som tunika, og eg hekla ein anna kant rundt. Fann forresten ikkje noko i oppskrifta kor mange masker ein skulle ta opp rundt halsen.
Det grå er naturfarga shetlandsull, og det kvite er merinoull.
I oppskrifta står det at det går med 300 gram til str small.