No har eg brukt opp endå fleire spinnerestar. Det er nok ikkje alt som er så fint spunne, men det fungerte godt å strikka av likevel.
Det er ein enkel modell som er strikka nedifrå og opp, og oppskrifta vart til ettter kvart som eg strikka.
Som de ser så valde eg å starta med vrangbord til halsen litt langt nede, samtidig som eg fortsette på raglanfellinga. Det gav ein hals som la seg fint.
Det er i grunnen kjekt å strikka med restar, for ein veit ikkje korleis det endelege resultatet vert før ein er ferdig. Den er i alle fall varm og god, og allerede i bruk.
4 kommentarer:
Den ser fin ut. Vet du, många gånger är det just restgarnerna som blir bäst tycker jag :)
Nydelig restejakke. Kan lett bli en favoritt.
Ha en riktig god helg!
Nydelig jakke!
Legg inn en kommentar