mandag 1. februar 2010

Shetland triangle shawl


Dette er det tredje sjalet eg viser her på spinnebloggen. Dei to andre er Multnomahsjalet, og Ishbelsjalet. Denne gongen vart det i ulike blåfargar, og det er strikka av 100% merinoull. Mjuk og god. Brukte pinne nr. 4 denne gongen og.


Det var eit enkelt mønster å strikka, så det blir sikkert fleire sjal i dette mønsteret.


Som de ser så spann eg ein spole med ein farge, og den andre spolen med fleire fargar. Så tvinna eg dei saman, så når ein strikka av det , så blir det striper i dei ulike fargane. Eg var veldig usikker på om det ville passa i eit slikt sjal, og eg visste heller ikkje kor breide stripene kom til å bli. Men eg synest det er kjekt å prøva seg fram og sjå kva mulegheter ein har. Eg var svært spent på resultatet, men eg vart gledeleg overraska og ganske fornøgd.


Som de ser var det ikkje mykje garn som gjekk med til sjalet.

4 kommentarer:

Mia sa...

47 gram?!? kommer man så långt med 47 gram, det är ju otroligt. Din sjal är helläcker, kul att du blandade färgerna, det blev en flott randig effekt :)

Anonym sa...

Hei.NYDELIG SJAL.Nydelig blåfarger.Ha en kjempe fin Tirsdagskveld.Klem fra Bodil

Strikkebesta sa...

Å, så flott det vart! Jammen har du fått dreisen på spinninga og klarer å lage utruleg tynn tråd, er det eitt- eller tolags tråd du har strikka av?
Veit du at du inspirerte meg til å kjøpe oppskrifta til Ishbelsjalet som eg vart ferdig med forrige helg, Sheltlandsjalet var eg inne og skulle kjøpe laurdag, men eitt eller anna i transaksjonen gjekk skeis så eg ga meg på det. No kan eg ikkje godt herme etter deg igjen, det finns no så mange fine sjalmønstre. Men eg må gjenta at sjalet ditt vart berre lekkert!

KariL sa...

Er så imponert, bare måpte da jeg åpnet siden din. Lenge siden jeg har vært på visitt på din spinneside,sjalene dine er så fine, garnet likedan. Du er så flink. Ha en forsatt kreativ uke. Klem KariL