søndag 23. september 2012

Hals av ull og silke

Det er alltid kjekt å strikka noko av garnet som ein  spinn.

Eg hadde lyst på ein luftig hals i tynt garn, og som kunne passa å bruka inne.

Oppskrifta er enkel, og blei til etterkvart.

Den blei lett og luftig, og veg berre 57 gram.
Garnet er spunne av Bluefaced Leicester og silke, så det har ein fin glans. Eg kunne nok tenkt meg å spinna meir av dette.

Takk for at du tittar innom :)

torsdag 30. august 2012

Nico og sitjeunderlag

Dette er Nico, av hunderasen Samojed. Han lærde meg å ikkje vera redd for store hundar.

I dag er ikkje Nico her lenger, derfor er det ekstra stas å ha eit minne etter han som varmar.
Det var ikkje min hund, men eg var så heldig å få spinna fiber frå pelsen hans. Blanda det med 50% ull før eg spann det.

 Så fekk eg forespørsel om eg kunne strikka eit sitjeunderlag av garnet og tova det.

Eg var veldig spent på korleis resultatet ville bli, men det gjekk over all forventning. Det tova seg veldig fint, og blei utruleg mjukt og godt. Og eg merka at eg blei alltid så varm når eg strikka av det.

Her er undelaget før toving.

Dette var eit spennande prosjekt, og er er så heldig at eg har fått meir fiber frå same hunderase. Men ting tar tid. Først skal fiberen vaskast og rensast og kardast og spinnast, før eg kan strikka noko av den. Men heile prosessen er jo berre gøy. Så eg har mykje kjekt arbeid å sjå fram til :)

Velkomen til nye følgarar. Håper de finn litt spinneinspirasjon her :)

tirsdag 15. mai 2012

Meir spinning

Det er godt å setja seg ned med rokken og spinna. 

Og denne Merinoulla er så herleg mjuk og god.

Har planer om å strikka noko av den, men veit ikkje heilt enno kva det blir.

Litt restar må og spinnast opp. Fine fargar som kan brukast ilag med anna garn.

onsdag 28. mars 2012

Kjekt med spinning

Det er alltid kjekt med litt spinning innimellom andre sysler.

Som regel veit eg ikkje kva eg skal bruka garnet til når eg spinn det.

Det er det kjekke med å spinna som blir det viktigaste.

Så får ideane koma etterkvart.

Det er i alle fall koseleg å ha sitt eige garn å strikka av :)




onsdag 7. mars 2012

Strikka topp i Merinoull

Det er nok ikkje så ofte eg oppdaterer denne bloggen, men for meg sjølv er den som eit oppslagsverk for spinninga mi. Men det er jo veldig kjekt når nokon stikk innom og legg igjen ein kommentar. Det set eg stor pris på :)
Denne gongen har eg strikka meg ein topp av  Merinoull som eg spann for ei tid tilbake.

Det er ei mjuk og kløfri ull, som kan brukast direkte på kroppen.

Eg trur det blir ein god topp å ha når det vårast. Oppskrifta er enkel, og er kun rillestrikk og glattstrikk. Strikka eit brot med rillestrikk på armane, før eg strikka alt inn på ein pinne, og fortsette med raglan. Avslutta med raglan når det kvite garnet var nesten oppbrukt! Til slutt ein rillestrikka hals.

Så kjekt at du stakk innom :)

mandag 30. januar 2012

Eit nytt år med spinning

Så godt å vera i gong med spinning igjen. Det er fin meditasjon og avslapning.

Denne gongen har eg spunne Bluefaced leicester med silke. Veldig godt å spinna, og eg ser fram til å strikka av det. 

På grunn av dårlege bilder, kjem ikkje garnet til sin rett.

Det vart 95 gram. Mjukt og godt, og med passeleg innslag av silke som gjer ein fin glans.