Eg kjem alltid tilbake til kor kjekt det er å laga/hekla/strikka noko av garnet som eg har spunne.
Denne gongen vart det to par pyntepuls i litt ulikt mønster.
Garnet er spunne av svart merinoull, som er ei god og mjuk ull som ikkje klør.
Så har eg spunne tre hesper i merinoull, der eg har blanda ulike fargar.
Det er spennande å setja saman fargar som ein kanskje i utgangspunktet trur ikkje vil passa så godt saman. I hespa i mitten spann eg saman militærgrøn, sjokkrosa og kvit. Eg var spent på resultatet, men eg synest det vart ganske stilig!
Pyntepulsa er allerde lagt ut på Epla.