søndag 24. januar 2010

Tekstilkunstnar Lexi Boeger og Handspun revolution

I mai 2010 kjem Lexie Boeger, som har stjernestatus i spinneverda, til Lillehammer og skal blant anna ha ei kunstutstilling der. På den utstillinga er alle som spinner i alle land inviterte til å vera med på kunstprosjektet hennar, med noko ein har spunne sjølv. Korleis du skal gjera det , kan du lesa meir om på Spinnvilt sine sider. Eit kreativt prosjekt, som eg tenkte eg skulle vera med på.



Her er diverse som eg har karda og spunne av det som eg fekk til jul. Det meste av dette er pelsull, men nokre av hespene har eg blanda med anna ull. Veldig kjekt å prøva seg fram og blanda fargar sjølv på kardemaskina. Det blir vel ei av desse hespene eg kjem til å bidra med på Handspun revolution.

søndag 10. januar 2010

Multnomahsjal i naturfarga shetlandsull

Det er såå kjekt å strikka av garn som ein har spunne sjølv, og resultatet denne gongen vart endå eit sjal. Eg hadde tre ulike naturfargar i shetlandsull. Garnet var ganske tynt, men eg brukte pinne nr. 4 for å få eit luftig resultat. Var spent på om fargeovergangane vart fine, sidan det ikkje var gradvise overgangar. Resultatet vart ikkje så verst, og overgangane vart bra synest eg.






Som de ser, så er det ikkje så mykje garn som skal til for å strikka eit slikt sjal.