søndag 13. juni 2010

Frå fiber til sjal


Det er ein lang veg, og mange prosessar ein skal gjennom frå fiber til ferdig produkt. Denne gongen blanda eg to ulike fiber. Den grøne er merinoull, og den kvite er 50% ull, og 50% soyasilke.


Her set eg ved rokken og har akkurat starta med å spinna spolen med merinoull. Dette tek tid , men er utruleg kjekt.


Her er begge spolane ferdige. Desse tvinnar eg så saman for å få det garnet som eg vil ha.


Her er garnet ferdig tvinna og hespa, og no må det vaskast før eg kan strikka av det.


No er det ferdig vaska og tørka, og eg har nøsta det opp. Endeleg kan eg strikka av det. Og å strikka av sjølvspunne garn må berre opplevast :) Det er heilt spesielt.


Når sjalet er ferdigstrikka, så må det vaskast og blokkast før det er eit ferdig produkt.


Her er det ferdig vaska og blokka, og er klart til bruk.


Og her er eit par pyntepuls i likt mønster.


Ha ein fin søndag :)

3 kommentarer:

Strikkebesta sa...

Spanande! Du er jammen ein meister i å spinne jamnt! Flott nytt sjal, sjølvlaga mønster, tippar eg:)Eg har nettopp strikka opp eit nøste med merinotråd, superwash som eg spann i haust. Det var ujamnt og fullt av knutar, eg huskar at trådane slitna fleire gongar medan eg tvinna dei fordi eg hadde spunne for tynt nokre parti:) Men no vart det sjarmerande små lestar til den vesle gullungen som er berre 6 veker, trur ikkje han slit dei ut før han har vakse frå dei:)

Margrethe sa...

Så gøy det må være å lage sitt eget garn. Flotte produkter du har strikket :)

Anonym sa...

Veldig mange flotte håndspunnede garn og nydelige sjal du har lagd. Det er noe helt spesiellt når man har arbeidet seg gjennom hele prosessen og ender opp med unike produkt som ingen noensinne kan lage akkurat maken til.
Gleder meg til å se mer....