søndag 24. januar 2010

Tekstilkunstnar Lexi Boeger og Handspun revolution

I mai 2010 kjem Lexie Boeger, som har stjernestatus i spinneverda, til Lillehammer og skal blant anna ha ei kunstutstilling der. På den utstillinga er alle som spinner i alle land inviterte til å vera med på kunstprosjektet hennar, med noko ein har spunne sjølv. Korleis du skal gjera det , kan du lesa meir om på Spinnvilt sine sider. Eit kreativt prosjekt, som eg tenkte eg skulle vera med på.



Her er diverse som eg har karda og spunne av det som eg fekk til jul. Det meste av dette er pelsull, men nokre av hespene har eg blanda med anna ull. Veldig kjekt å prøva seg fram og blanda fargar sjølv på kardemaskina. Det blir vel ei av desse hespene eg kjem til å bidra med på Handspun revolution.

3 kommentarer:

Mia sa...

Hå, hå, nu blir svigermor glad. Jag är gift med en lillehamring och nu kan hon vara säker på ett besök i maj! Så fina garnerna blev, håller på med ett melerat försök jag också, det blir riktigt spännande att se hur det blir. Dina garner inspirerar till videre utforskning på det området :)

Anonym sa...

Hei.Kjempe fint garn med kjempe fine farger.Ha en riktig fin Søndagskveld.Klem fra Bodil..

Strikkebesta sa...

Har tenkt å sende avgarde litt tråd eg også, kanskje noko frå den fyrste hespa eg spann sidan den nok ikkje blir ofra til noko strikkeprosjekt.

Har du forresten meldt deg på Pluckyflff-campen, eller kva det no var han heiter?

Må fortelje at eg har herma og strikka eit Ishbel-sjal, det var så passeleg med mønster , syntest eg. Tråden min er så tjukk, det tjukkaste i alle fall, at eg brukte pinnar nr. 7. Det kjem kanskje i eit innlegg etter kvart. Ønskjer deg ei god veke:)