søndag 25. oktober 2009

Eit artig prøveprosjekt i spinning

Dette er Nico, og han er med på dette spinneprosjektet. Han tilhøyrer rasen Samojed, og er ein type polarhund. Pelsen hans er utruleg tjukk og mjuk, og han er som ein levande kosebamse. Hundehåra kan brukast til å spinna av, og det måtte jo prøvast. Dei skal blandast med 50% ull, så ut ifrå det visste eg at det ville bli litt vanskelegare å spinna.


Her har eg 10 gram saueull til venstre, og 10 gram hundehår til høgre. Først vaska eg håra, og så blanda eg dei med saueull som var vaska. Deretter karda eg dei, og sette meg til å spinna. Eg kjende med ein gong at det ikkje var så lett å spinna som vanleg ull, men med litt trening så håper eg at det går bedre etter kvart. Eg trudde at garnet kom til å bli veldig fluffy på grunn av hundehåra, men så veldig fluffy vart det ikkje. Grunnen til det kan og vera at Nico berre er 4 mnd. enno, og har derfor ikkje fått så lang pels.


Her er resultatet, ei lita hespe på ca. 20 gram. Eg er så heldig at eg skal få spinna av hundehåra som blir børsta av han, så det blir nok fleire små hesper etter kvart. Dei skal eg ta godt vare på, så får vi sjå etter kvart kva som blir laga av det.

søndag 11. oktober 2009

Mitt første ullkardeband

Det er jo bra at det går an å kjøpa ferdigkarda ull. Den er god å spinna av, og ein får kjøpt den i ulike fargar og forskjellege ullsortar. Men det hadde vore kjekt å prøvd seg på å karda sjølv. Så eg kjøpte ein haug med spælsauull som ikkje var karda.


Men for å karda, så må eg og ha ei kardemaskin. Det går jo an med handkarer, men med ei kardemaskin er det litt enklare, og går litt fortare. Dette er ei Louet kardemaskin, same merke som rokken min.


Her held eg på å laga eit ullkardeband. Interessant å sjå korleis ulla vert karda på trommelen.


Og her er det ferdig.


Resultatet vart denne hespa med garn. Utruleg kjekt :)