lørdag 26. desember 2009

Julegåver

Eg er så heldig at eg har fått mange ulike sortar ull til jul, så no kan eg prøva meg fram med diverse. Dette er Viskoseneps som er fint å bruka til effektar i garnet. Her er mørk rosa, flaskegrøn og tinnfarge. Her er og ein spole med bomullstråd. Den kan brukast både til effektar og til tvinning.


Og sjå på denne ulla. Det er superfin naturfarga merinoull. Så mjuk og god, og så fine naturfargar saman. Det trur eg blir eit flott garn.


Her er diverse kvit ull. Til venstre ser du Wensleydaleull, i midten Bluefaced leicester ull, og til høgre Norsk merinoull.


Og dette er litt av pelsulla som eg har fått. Frå venstre er fargane desse: Cyclamen, maisgul, raud, orange og blå. No kan eg prøva å laga fine effektar i garnet.


Og her er ein fargebunt med merinoull. Så mjuk og god, og lekre fargar i lag.


Og dette er Alpakkatops kastanje. Den er så mjuk så mjuk.


Så har eg og fått meg nålefiltingsutstyr, så her kan det bli mange sauar etter kvart :)