søndag 8. november 2009

Litt av kvart

Det blir alltid litt restar av det ein spinne. Dei tek eg vare på, men fordi eg ikkje hadde så mykje, så blanda eg det med meir kvit ull enn det de ser på bilete. Det karda eg på kardemaskina, så alt vart blanda.


Her har eg spunne to spolar som skal tvinnast. Sidan eg brukte mest kvit, så vart ikkje fargane så markerte.


Her er resultatet. Garnet vart ganske mjukt, fordi ein del av restane var merinoull.


Så har eg kjøpt noko som heiter Massam tops hos Spinnvilt. Det er ei fin kvit engelsk ull med silkeaktig glans.


Her er to spolar som skal tvinnast.


Og her er det ferdige resultatet. Kunne tenkt meg å strikka eit luftig skjerf av det, men eg har ikkje meir enn 100 gram, så eg må finna eit mønster der eg har nok med det. Er det nokon som har eit forslag, tek eg imot med takk.

4 kommentarer:

bodil sa...

HEI.SÅ FLINK ER HELT MÅLØS.Elsker jo slike naturprodukt.Er så mesunnelig har det bare vært meg som har vært så flink.Kan desvere ikke hjelpe deg med mønster.Har så lite mønster på skjerf.Ha en riktig fin Søndag.Klem fra Bodil...

Strikkebesta sa...

Lekker tråd du har spunne. Eg har i grunnen same problemet som deg, det er ganske begrensa kva ein kan strikke når ein ikkje har meir enn 100g. Det er derfor eg driv og måler og reknar på kor mange meter eg får. Ei mulegheit er jo å begynne å strikke og så spinne meir av same sorten etter kvart som ein treng meir:)

Stubbetufsa sa...

Du, så god du er med rokken!
Og så kan du lage det garnet du ønsker! Bra!

dorthe sa...

Får ikke lagt noen lenke inn her, men på fyrtøyet ide og gaver ligger det et skjerf jeg har strikket. Lenken ligger på bloggen min:)
Kanskje du kan bruke det? Ha en super helg:)