søndag 11. oktober 2009

Mitt første ullkardeband

Det er jo bra at det går an å kjøpa ferdigkarda ull. Den er god å spinna av, og ein får kjøpt den i ulike fargar og forskjellege ullsortar. Men det hadde vore kjekt å prøvd seg på å karda sjølv. Så eg kjøpte ein haug med spælsauull som ikkje var karda.


Men for å karda, så må eg og ha ei kardemaskin. Det går jo an med handkarer, men med ei kardemaskin er det litt enklare, og går litt fortare. Dette er ei Louet kardemaskin, same merke som rokken min.


Her held eg på å laga eit ullkardeband. Interessant å sjå korleis ulla vert karda på trommelen.


Og her er det ferdig.


Resultatet vart denne hespa med garn. Utruleg kjekt :)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei.Så spenenes.Kjempe fint garn.Slikt garn kunne jeg ha tenkt meg å ha plantefarget..hi hi..Så flink du er.Enig ikke enkelt med gammeldagse karder..Har ett par liggende på Stabburet.Ha en riktig fin Mandag.Klem fra Bodil

Strikkebesta sa...

Å, kor lekkert! Dette berre vitt på seg, forstår eg, kardemaksin blir kanskej den neste investeringa hos meg også, då?

Strikkebesta sa...

Takk for rådet så langt:) Eg les i boka om brakeband, er det for å regulere farten på spolen? Skal spolen gå saktare rundt enn vingen?

KariL sa...

Lekkert garn. Du er jammen meg dyktig. Dette kan ikke jeg, har både karer og rokk, men bruke det kan jeg ikke. Har tidligere drevet med vev og skal nå veve en festremse til advent. Ha en god dag.

Dorthe sa...

Dette blir spennende å følge med på:) Ha en fin dag:)