onsdag 15. juli 2009

Spinneglede

Det er utruleg kjekt å spinna sitt eige garn. Eg kjøper ferdigkara ull, men eg håper etter kvart å læra meg å kara, og ei karemaskin står jo høgt på ønskjelista. Her har eg kjøpt ein burgunder fargebunt som eg har spunne litt av. Flotte fargar som passar godt saman.



Og her er litt av kvart som eg har spunne.



Dette har eg spunne av den burgunder fargebunten. Her har eg prøvd å blanda ulike fargar.



Her er ei hespe med blanding av jadegrøn og blågrøn. Den andre er berre jadegrøn. Nydelege fargar.



Denne fargen heiter brungrå, og er ein veldig behageleg farge.



Her er skjerfet som eg strikka av det første garnet som eg spann på rokken eg kjøpte meg. Ikkje like tjukt alt, men det fungerte bra.



Og her er garnet som eg strikka det av.

4 kommentarer:

Mr. Blue sa...

Interessant blogg!

Dorthe sa...

Nydeligt garn:) Skal du selge noe av det du pinner... er interessert jeg:)

Strikkebesta sa...

Spinning fascinerer meg! Eg har veldig lyst til å prøve, men synest det er noko drastisk å gå til innkjøp av rokk før eg veit om eg liker å spinnee, og ikkje minst får det til, slik som du tydelegvis gjer. Tenkjer derfor at ein handtein bør vere første steg, er det å få kjøpt nokon stad?

Marit sa...

Så spennende dette ser ut. Tankene går tilbake til barndommen.
Synes jeg ser bestemor med rokken og hespletreet og et tykt "pledd" som beskyttet klærne.
Lykke til videre.